onsdag 14. oktober 2015

Halloweenfest del 2

11 gutar, ganske stor prosentandel i Spidermankostyme, hadde ein flott Halloweenfest. Vi hadde planlagt ei hinderløype ute med pappkopp-kanon, diger slangeparadis, edderkoppnett, kast-på-boks og ein slimsjø (teikna med kritt), popcorn og pølser, kake, spindelmuffins og gele. Veldig enkelt og skikkelig gøy!


Laga eit digert edderkoppnett av svart garn, og festa små bjeller på - ringte det i bjella var det ut av nettet og prøve på nytt. Alle klarte å kome seg over til den andre sida på første eller andre forsøk (det var relativt mykje enklare utan superheltkapper som hang ned bak og øydela til tross for høge kneløft!)


Malte hermetikkbokser i passande fargar. Akrylmaling altså - det funkar til alt! Erteposane fekk ein av ungane i julegåve av ei venninne ein gong, dei har blitt mykje brukt til både sjonglering og bokskast og kast på blink. Veldig stas! Tennisballar eller liknande funkar også gull til kast på boks, men fordelen med erteposar er at dei blir liggande og ikkje triller avgårde. Gjer jobben til den som skal sette på plass boksane og hente kastereiskap litt enklare. Kast på boks er også overraskande populært, så det vart mange runder på denne posten.



Den digre slangen har skummelt skinn, dei raude kryssa er nemleg GIFTIGE! Det betyr at ein ikkje kjem seg vidare i paradisen før alle har kasta og det vart ganske trangt til slutt. Hadde sånne store terningar som heng i bilspeglar i litt harry bilar (litt usikker på kor dei terningane kom frå, trur kaaanskje dei var premie på tivoli eller noko slikt ein gong i tida), men det går jo også an med småstein og å øve på å kaste treffsikkert! Eg har også sett store terningar på Søstrene Grene og TGR tidlegare, kanskje leikebutikken også har. Supert til å leike paradis, eller digert stigespel, med innandørs om vinteren.



Spindelvevmuffins (superenkelt, sjå her), monsterbrownies med tusen auge (auga er lag av melisglasur, sjå her, men hugs at dei må tørke eit par dagar før bruk!), gresskargelé (aka appelsingelé) og monstergugge (aka sjokoladepudding).



Enkel bordpynt med dei kule monster-gresskar-spøkelsessteinane ungane laga, monsterauge av perler og papirgresskar frå Søstrene Grene. Serviettane er også derfrå. Plastedderkoppane kjøpte eg på ebay, men det får ein sikkert tak i over alt i leikebutikkar no i oktober! 












Meksikanske gresskar, gresskarlykt DIY

Kanskje nokon som treng litt inspirasjon til gresskarskjæring i år? Det er kjempegøy! Mamma tok forming som ein del av lærarutdanninga, og fann fram sitt gamle stempelkutte-sett som eg fekk overta. Det funka supert til gresskar! Du kjem langt med berre ein litt liten og skikkelig skarp kniv også, det skal gjerne ikkje så mykje til. Det kan vere lurt å streke opp mønsteret med blyant eller tusj før du byrjar skjære, i alle fall dersom du likar at det er litt symmetrisk!

Så er det tid for å hule ut gresskaret. Det gjer du ved å enten skjere ut bunnen eller toppen av gresskaret. Fjern frøa med ei skei og skrap/skjer ut så mykje av fruktkjøtet som du får til (det er enklare å skjere ut lykta dersom veggen ikkje er for tjukk).

Dersom du skal ha levande lys inni må du passe på at det blir nok oksygen, så du må ha litt ordentlege hol i gresskaret. Det kan vere lurt å sette eit telys oppi eit lite glas dersom det er vind ute. Det aller beste er å bruke led-telys (det finn du t.d. på Claes Ohlson), då slepp du tenke på brannfare (eit nykutta gresskar er ikkje så brannfarleg sidan det er fuktig inni, men likevel!) og det lyser fint og jamnt uansett korleis veret er ute!

For å skape ein fin effekt kan du skjere hakk i gresskaret der du ikkje skjer heilt gjennom, då blir det lyst, men ikkje like lyst som der du har skore hol. Det ser også veldig proft ut når gresskaret er tent, og det er ikkje vanskeleg.



I fjor gjekk vi for litt meksikansk stil. Kjøpte eitt stort gresskar til utskjering og så fekk vi nokre små gresskar frå andelslandbruket som vi malte med akrylmaling. Dei vart skikkelig kule og fargerike!




Viss ein vil dra det hakket lengre er det berre å google. Du kan printe ut gratis eller kjøpte instruksjonar og slå deg laus. Hugs berre på at det tek litt tid, så det kan vere lurt å starte kvelden før, ikkje rett før nabolaget ringer på døra for knask eller knep.




Og innhaldet av gresskaret? Her blir ingenting kasta!

Rista gresskarkjerner er til å få vatn i munnen av. Og så kult å lage sin eigen snacks frå grunnen av! Null tilsettingsstoff eller rare E-nummer, og det smakar så godt! HER er ei enkel oppskrift som du kan bruke som basis, og køyre på med krydder eller kvitlauk eller næringsgjær eller kvasomhelst for å lage det meir funky om du vil. Eller gå for naturellversjonen (altså bake/steike dei utan salt) og ha på yoghurt, i rundstykker eller müsli.

Gresskarsuppe er knallgodt (og skikkelig funky farge!) HER er ei deilig oppskrift frå ein av mine favorittmatbloggar Green Bonanza. Berre å bake bitane du har skrapa ut.

Eg har også dampa gresskarkjøtet og kjørt i blender, og hatt i brøddeig og kakerøre. Funkar sikkert bra i smoothies også!



tirsdag 13. oktober 2015

Halloweenfest del 1

Mellomsten ville gjerne ha "Halloween"-bursdag i år. Det er jo kjempegøy å kle seg ut, så vi tente på den. Ungane lagde pynt og invitasjoner, og vi oppfordra til å kle seg ut som det ein ville. Eg synes Halloween er kjempegøy, men det er så masse blod og gørr her i Noreg. I USA er det vanleg at ungane kler seg ut som på karneval, prinsesser og hundar og SuperMario og mjølkekartongar. Her heime er det zombie og skumle masker og vampyrtenner. Det er ikkje så gøy for dei minste!

Vi printa ut invitasjonar frå Mr. Printables (fantastisk nettstad!) https://mrprintables.com/printable-halloween-invitation-bag-o-bones.html

Ungane var på stranda og plukka fine steinar som vi malte i passande fargar. Vi brukte akrylmaling frå Søstrene Grene. Den er god å jobbe med, og ganske grei å vaske av små barnehender etterpå (bør gjere det sånn rett etterpå og ikkje la den få tørke så lenge...)

Gøy at toåringen også kunne vere med!

Det vart også produsert monsterauge! Runde perlebrett og hamaperler. Kjempegøy og superenkelt. Vi la dei ferdige auga på bordet, men det hadde vore kult å henge dei opp også, som ein girlander kanskje?


Bilete frå festen kjem i eit eige innlegg, stay tuned!

lørdag 22. august 2015

Enkel strandmoro

Når ein gløymer å ta med nok bøtter og spader til heile ungeflokken, eller treng ein liten aktivitet på stranda er dette veldig fint! Tippar det er sunt for hjernen også, mønster og fargar! Og litt matematikk er det også, samle og sortere!


Vi samla skjell, steinar i ulike fargar, roseblad og strå. Ein kan lage mandala berre med mønster i sanda også, derdom det ikkje er så mykje å plukke i strandkanten. Eller kanskje drivved og sjøglass kan få ein fin plass?



Berre å bruke fantasien og lage ulike mønster. Kanskje ein kombinasjon av strekar i sanda og ulike plukka-skattar?



onsdag 19. august 2015

Enkel etterskuleaktivitet

Nokre gongar er eg flink og organiserer ein aktivitet før ungane kjem heim. Det er alltid vellukka, dei blir opptekne med noko kjekt og det er ikkje mas om ipad.


Strålande sommarver = uteliv. Stort teppe og teiknesaker, deg er ikkje så mykje som skal til!


Frukt og bær, grove tranebærkjeks og juice. Akkurat passe til ein liten pause!


onsdag 22. juli 2015

Kanelbollepinnebrød



Kaffimat på grillen (skulle eigentleg grille lunsj, men ja - ting skjer eller ikkje skjer...)

Kanelbollepinnebrød

500g mjøl (brukte 200g Fibra, 50g havregryn og 250g kveitemjøl)
2ts bakepulver
3ss sukker
Litt salt
Ca. 1dl olje (brukte smelta kokosolje for litt søtare deig)
2,5-3dl vatn (juster mengda til deigen er passe, havregryn sveller litt og treng litt ekstra vatn, eg brukte 3dl)

Til grillinga: sukker og kanel

Bland saman til ein deig som er lett å jobbe med. Klem ut tynne pølser, strø med sukker og kanel og snurr rundt pinnen. Grill i veg!







mandag 20. juli 2015

Vannballongpiñata

Jippi! Endeleg sommarvarme og ferie og søskenkrangling og alt som høyrer med. I dag har vi laga vannballongpiñata etter inspirasjon frå Pinterest.



Vi la vannballongane litt i sola etter å ha fyllt dei i utekrana (iskaldt vatn), den første batchen tolte ikkje varmen så godt og halvparten berre opna seg. Lurt å ikkje la dei ligge for lenge (eller fylle med ikkje-heilt-iskaldt-vatn).

Knytta berre ein enkeltknute i enden av ein tråd. Knytta tre ballongar ved sidan av kvarandre og tre i den andre enden (tråden var kanskje 60cm lang).




Veldig kjekt og pluss for at det vart lite å rydde opp (ballongane heng jo fast i tråden). Og det var litt vanskeleg å sprekke ballongane med ein pinne, så aktiviteten varte ei stund! Win!