lørdag 1. oktober 2011

Dominoeffekt

I Fredrikstad var eg innom Gran Domino - ein verkeleg lekker interiørbutikk! Her var det mykje som gjerne kan stå på ønskelista til jul, i alle fall om eg hadde hatt ei ønskeliste (vi kjøper ikkje julegåver til dei vaksne i familien, overforbruk...redde verda...miljøperspektiv...og sånn). Eg fann også ut at ein svart Eames-stol hadde passa perfekt på kontoret, vi får sjå om det blir med draumen...

Gran Domino er, i følge Dagbladet, ein av dei 13 beste interiørbutikkane i Noreg, og eg må seie meg einig i at det er velfortent. Til tross for at det var litt flyttekaos då eg var der var det skikkelig god stemning i butikken, og flotte produkt skin jo uansett!

Herleg fargesprakande inngangsparti!


Desse stolane frå Hay har eg hatt lyst på lenge, dei er så enkle i forma og så lekre! Og legg merke til det fiiine golvet!


Min kontorstoldraum... Eg hadde ikkje sagt neitakk til Magis-stolen ved sidan av heller altså ;)


Diggar den knall lilla puta mot det duse og naturlege. Også fann eg ut at eg treng eit brunt saueskinn - lekkert!


Desse knallfarga ullputene frå Hay var nok dagens favoritt. Herlige fargekombinasjonar og ull - what´s not to love?!


Gler meg til å kome tilbake hit ein gong, gjerne med velfylt lommebok! 

4 kommentarer:

  1. Jeg har også så lyst på eiffel chair, kunne tengt med 4 (eller 6) hvite rundt spisebordet. Men her spørs det også om det bare blir med drømmen

    SvarSlett
  2. Rør ikke gå inn på sånne intriørbutikker jeg..
    Skjønner godt at du ønsker deg en sort eames stol til kontoret,di er jo rå lekre.
    Ha en fin lørdagskveld.

    SvarSlett
  3. Skulle være tør ikke rør..

    SvarSlett
  4. Å, det så ut som en fantastisk butikk!
    Enig i at den knall lilla puta, mot det naturlige var veldig kult! -Ble litt inspirert, for her går det veldig mot det naturlige nå..kanskje vi må spreke opp litt;)

    Ha en flott lørdagskveld!

    SvarSlett