fredag 28. oktober 2011

Ein liten skatt frå jobb

Vi har samlokalisert jobben, så det har vore ein ekstrem flyttesjau og mykje oppussing. Blant det som skulle kasserast fann eg denne kule lampa som eg redda og tok med heim. Ikkje heilt bestemt kor den skal vere, og eg veit ikkje heilt korleis eg skal feste den sidan den manglar den skru-dingsen som ein kan feste den til bordplata med.

Kjøpte meg nye Converse i London også, det er definitivt ikkje slutt på sesongen når ein får vinter-Converse! Ikkje noko å gå med i slaps og sludd, men trur dei vil funke fint i tørr snø, og no før snøen kjem. Varme er dei i alle fall!





Nett heimkomen frå Oslo, var på konferanse i går og hadde fagdag på Menighetsfakultetet i dag. Deilig med litt fagleg påfyll, fekk nesten litt lyst til å byrje studere litt att!

Ønsker deg ein fin fredagskveld, her blir det eit tidleg møte med puta.

***

Found this lamp at work, we´ve relocated this summer and during the moving process some things were to be thrown away. I rescued this lamp, although I haven´t decided where to put it. It is very cool! 

Converse season has been prolonged with a new pair of winter Converse. They won´t do here in Norway during winter, but they are perfect for autumn! Love them! Hope you have a lovely Friday night!

3 kommentarer:

  1. Oooi, hvis du var i Lillestrøm, var mannen min der også :) Søt lampe! kanskje du finner en gammel ikke så fin lampe på loppis og kan bruke dingsen fra den? HVis du skjønner hva jeg mener :) hehe. God fredag!

    SvarSlett
  2. Den lampen passa nok fint i ein heim fylt med chili og kjærleik :) Håpar det ordna seg med skrudings, kanskje du har ein mann som tek det som ei utfordring? Eller er du mest flink til slikt sjølv? Eg er i alle fall ei som let mannen få slike jobbar. Har ikkje noko med at eg ikkje er for likestilling, det har med at ting skal fungera...;) Fine sko, og så såg dei gode ut! Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett