søndag 30. oktober 2011

Jul i kosekroken

Her er det julestemning på kontoret. Vi bur ganske trangt i ein gamal tomannsbolig frå 1920, her er det knappe 40 kvadratmeter grunnflate, men heldigvis to etasjer pluss loft og kjellar. Planløysinga er ganske satt, med små rom, men vi har det veldig koseleg her! Kontorplassen lev difor dobbeltliv som strikke- og lesekrok, med ein femtitalsstol der ein kan nyte utsikta med strikketøyet i fanget. Strikketøyet får plass i ein vintagekoffert under kommoden og lesestoffet har fått plass i det vesle bordet. Her er det rom for å drøyme seg bort med Nigella si julekokebok eller strikke julegåver til store og små.

Snøfnugg i vinduet, levande lys og eit enkelt, minimalistisk juletre (eller, julegreiner er kanskje eit betre ord, juletreet kjem ikkje inn før vesle julaftan!) står i kontrast til kommoden i teak med kitchy julepynt i turkis, limegrønt, rosa og lilla. Glitter galore! Her i huset er ikkje jula nødvendigvis raud, her er det plass for både fargekick og meir duse, avstemte fargar.




Den grå glasskåla og det grøne stettfatet i glas er bruktfunn, epleskåla er frå Heal's. Turkis reinsdyr og funky, farga julekuler frå Primark, her har eg putta dei i eit gamalt Noregsglas. Kommode og koffert til strikketøyet kjøpt på loppemarknad. Stolen sto att i huset etter den tidlegare eigaren. Kvitt bord med magasinholder frå Hvitt Rom. Raud fugl i vinduskarmen frå Marks and Spencer.

I huset vårt er det eit pluss med alle aktiviteter som kan gjennomførast saman med barna, så papirklipp og ein enkel lysdekorasjon er lett gjennomførbart i samarbeid med små hender. Og dei blir jo så stolte av resultatet! Det er kjekt å sjå sin eigen julepynt hengande i vinduet.

Papirklipp
Denne aktiviteten likte fireåringen kjempegodt, det er så enkelt å klippe papir, og det blir fint nesten uansett kva ein gjer. Brett eit kvadratisk ark slik at du får ein trekant. Brett til ein trekant igjen, og så ein gong til. For unge hjelparar kan det vere fint å teikne eit mønster å klippe etter, berre teikn inn halvsirklar og trekantar som barna kan klippe etter. Brett ut og heng opp. Papirsnøfnugg passar også flott som uro over senga!



Litt julesnop må ein kunne kose seg med i førjulstida. Her er det nøtteblanding, Walters Drasjé og rista pinjekjerner. Ein kopp varm drikke høyrer også med til førjulskosen, og er du lei av gløgg eller varm sjokolade (kan ein eigentleg bli lei av sjokolade?!) er det deilig med varm, krydra eplejus! Passe julete i smaken, frisk og litt syrleg.            


Rista gresskarkjerner

Gresskarkjerner (av mitt gresskar fekk eg tre nevar gresskarfrø, har du meir aukar du smør- og saltmengda litt)
2 ss smør, smelta
1-2 ts mineralsalt
Nokre omdreiingar med Chili Explosion frå Santa Maria (eller 1 ts chiliflak)

Fjern så mykje av trådane frå gresskarkjernene som du får til med fingrane.Vend så kjernene i smelta smør. Du treng ikkje skylle dei, eller fjerne skalet, men det er greitt om det ikkje er for mykje kliss på dei! Legg utover i ei langpanne og steik i ovnen på 150 grader i omlag éin time. Vend kjernene no og då medan dei står i ovnen. Ikkje la dei stå for lenge, dei skal knapt få farge.

Varm eplejus med krydder (éin kopp)

2 dl eplejuice
½ kanelstang
Eit par nellikspiker
Ei skive appelsin

Varm opp og nyt. Søt eventuelt med litt honning om jusen er litt syrleg.



Enkelt u-julete og u-jålete juletre
Hent passande greiner ute i naturen, eg har brukt plommegreiner frå hagen. Sett dei i ein potte eller bøtte, her er det brukt ein gamal champagne-kjølar. Fyll opp med avispapir, pass på at du fordeler greinene slik at vekta blir jamn, og bøtta ikkje tippar. Du treng minst to aviser. Dekk så over med silkepapir for å skjule avispapiret, eller aluminiumsfolie for ein glitzy versjon! Greinene er pynta med dropeforma julekuler i sølv, blått og turkis. Jula treng definitivt ikkje vere raud og grøn!



Enkel lysdekorasjon
Sett fire telys på eit lysfat. Pynt med kongler, kastanjenøtter og eit lite rådyr. Legg på kanelstenger og nellikspiker. Det luktar deilig julebakst når du tenner lysa og det blir litt varme rundt krydderet! Ikkje gå frå lysfatet med lysa tent, her er det brennbar pynt.
Denne lysdekorasjonen kan også brukast som adventslysestake.





Dette er bidraget mitt i Studio sin konkurranse som er utlyst no, siste frist i dag. Konkurransen er som følgande:

Nå gir vi DEG mulighet til å få din drømmereportasje på trykk i Nordens nyeste og fineste interiørmagasin. Det eneste du trenger å gjøre, er å skrive et blogginnlegg om dine beste julegavetips. Julegavetipsene må selvfølgelig være basert på interiør og/eller innpakning, og inneholde elementer av interiør, redesign, innpakning eller annen form for dekor. Du står selv fritt til å velge vinkling. Teksten må være på minimum 4000 tegn. Bidrag må også 6-7 bilder som illustrerer innlegget.Til sammen 5 vinnere trekkes – 1  publiseres i magasinet, de resterende 4 publiseres på www.studiomag.no
 Studio er eit nytt interiørblad med fokus på små bustader (svært passande for oss, med andre ord!). Du kan lese meir på nettsida til Studio http://studiomag.no/ og på Facebook-sida deira: http://www.facebook.com/pages/Studio/171333912931989?ref=ts

7 kommentarer:

  1. FIINT! gleder meg til å pynte til jul! Og i allefall til å lage pepperkaker!lykke til i konkurransen!:-)

    SvarSlett
  2. Det såg ut som ei god og stemningsfull julefeiring!! Lukke til i konkurransen, du får ei stemme frå meg ;)

    SvarSlett
  3. vittig! tror vi skrev innlegg nesten samtidig til hverandre!

    SvarSlett
  4. koselig!
    det siste bildet var spes fint, enkel og fin julepynt!

    SvarSlett
  5. Veldig bra blogginnlegg, håper du vinner! :D
    Ellers syns eg det er litt vel tidlig å pynte til jul enda, men litt "hint av jul", slik du har gjort det, er koselig :) Lykke til i konkurransen!

    SvarSlett
  6. Å, dette likte jeg så godt:) Veldig fint med glasskrukken med fargerike julekuler! -Også det kule reinsdyret, da!

    SvarSlett
  7. Det rådyrstillebenet er grunnen til at jeg MÅTTE finne et fint rådyr og lage noe lignende selv! Husker jeg så dette innlegget i fjor.

    SvarSlett