fredag 16. september 2011

Septembersol

I dag slutta eg litt tidleg på jobb, og då var det verkeleg deilig å sette seg i sola i trappa med ein kopp kaffi og favorittbladet (sårri, det er ikkje eit interiørblad...) - som er på sal på Narvesen om dagen. Idyllen vart broten etter ei lita stund då dei ringte frå barnehagen og to stk febrile ungar måtte hentast. No sit eg her i sofaen med to slitne og slappe ungar, Byggmester Bob på tven og saft og sugerør... Minnet om ein halvdrukke kaffikopp og sol på kroppen får varme litt.



Koppen er frå Shinzi Katoh, ein fantastisk japansk designer/kunstnar! Love! Skal nok få vist fram samlinga mi ein dag!

Planen om bokfestival på Operaen får berre ligge, det blir nok ei slækk helg her i Casa Blanca. Håper helga di blir finfin!

***

Finished early today and got to enjoy half a cup of coffee in the sunshine and read a few pages in my favourite magazine before they called from kindergarden and we had to pick up two kids with fever. We had planned to go to Oslo for the book festival, but it seems we´ll have a very quiet weekend at home instead. 

The mug is from Shinzi Katoh, a fantastic Japanese designer/artist. I have a collection of mugs with his drawings on them, I´ll show them off another day! :)

Hope you´ll have a great weekend! 

4 kommentarer:

  1. Det såg herlig ut! Synd du ikkje fekk nyte det så lengje. Håpar ungane kjem seg raskt, slik at de får ei fin helg. God betring til ungane.
    Koppen var kjempeskjønn - vil gjerne sjå resten av samlinga ein dag:)

    SvarSlett
  2. Ah, kaffe på trappa er alltid godt. Skulle ønske jeg hadde min egen trapp.. Dumt at barna er blitt syke. Ønsker dere god bedring. Håper helgen blir en fin helg.

    SvarSlett
  3. Å vennen, jeg hadde unnet deg å få drukket opp hele kaffekoppen i dag. Og lest bladet ditt.
    Hyttetur snart igjen kanskje...??

    SvarSlett
  4. ..hørtes ut som en deilig stund!
    blad & kaffe = en god kombinasjon :0)
    ..fortsatt fin & slækk helg
    *moaklem

    SvarSlett