mandag 12. september 2011

Middagstips

Eg elskar enkel mat, mat som nesten lagar seg sjølv. Det er så utrulig greitt, minimalt med jobb og maksimalt med smak! Og eg har heilt dilla på raudlauk og gulrøter i kombinasjon.

Torsk med ovnsbakte grønsaker
400g torsk i filetar
2-3 poteter i båtar
2 gulrøter
1-2 raudlauk
Eit par fedd kvitlauk
Olivenolje
Salt & pepar og eventuelle andre krydderier



Legg potetbåtar, nokre kvitlauksfedd, raudlauk og gulrøter i ei ildfast form. Hell over ein god klunk olivenolje, strø på salt (eg brukar mineralsalt) og krydder (her: timian og rosmarin). Legg torskefiletane i ei anna form med litt smør og litt olivenolje. Krydre med salt og pepar. Drypp nokre dropar soyasaus over og legg ned nokre fedd kvitlauk og gjerne ein heil chili. Sleng alt i ovnen på ca 200 grader i 35 minutt. Det kan vere lurt med litt aluminiumsfolie over fisken så den held seg saftig, den kan du fjerne når det er 10 minutt att av steiketida, så får du litt hardare overflate på fisken.

Server gjerne med heimelaga salsa, det er nyydeleg til torsk!



God måndag til deg, håper veka blir strålande!

4 kommentarer:

  1. Såg godt ut! -Og enkelt. Viktig at middag er enkelt, ja :)

    SvarSlett
  2. Elsker "form-mat". Gulrøttene blir så gode da!
    Salsa til fisk har jeg aldri testa, men ser godt ut :)

    Fin uke til deg også vennen!

    SvarSlett
  3. nammenam! dette ser så godt ut! skal prøves.
    og så flinke mannen din har vært, men så dumt at det ikke var plank under alle lagene. men fint var det allikevel. loveju. miss ju.

    SvarSlett
  4. Takker for middagstips :)
    ...sitter med penn og papir nå for å finne ut hva jeg skal ha til middag!

    Klem Ida Susanne

    SvarSlett