søndag 14. august 2011

Bad

Ehem, planen om å henge opp ting i gangen og måle spegel gjekk litt i vasken sidan sola kika fram og det var sal på skobutikken og sånn... Men, El mexicano vaska badet på eiga oppfordring (det er sjeldan, trur det kanskje er det verste av husarbeid han veit om, så vi har grei fordeling på at eg tek badet og han tek stort sett resten ;) ) og då kan eg jo vise fram badet vårt!

Opprinneleg var det berre toalett i kjellaren i huset. Dei som budde her før oss installerte badekar med dusj på vaskerommet. Men for ein småbarnsfamilie (eller, eigentleg for absolutt alle med soverom i 2. etg) var det ganske upraktisk å måtte gå heilt ned i kjellaren for å gå på do. Også er det ganske kaldt der nede...

Herlig med originale planteikningar frå 1918! Som de ser er grunnflata til huset ganske lita...


Då vi var på visning var dette ankepunktet på huset. Vi forelska oss heilt i huset, men såg inga god løysing for plassering av bad verken i 1. eller 2. etasje. Vi tusla molefunkne ut av huset. Så såg eg at naboen (altså dei som bur på andre sida av veggen) var på veg ut i bilen og eg sneik meg over plenen og spurte kor dei hadde bad. Og då fekk eg full omvisning i huset deira, og det var kjempespanande! Vi fulgte same planløysing som dei, med å ta ein bit av stova til å bygge bad.

Dette er altså grunnen til at stova vår berre er 9kvm. Badet er nesten 5kvm og godt utnytta. Med små barn ville vi gjerne få inn eit badekar, og sjølv om det ferdige badet vart litt mindre enn teikningane grunna ekstra isolering (let me tell you, dei isolerte omtrent ikkje hus tidleg på nittenhundretalet...) så er vi godt nøgde med resultatet. Velkomen inn:



Fantastisk såpe som eg fekk i gåve frå to søte kollegaer då eg var ferdig med lærarvikariatet i juni og jojobaolje frå iherb 




Vi har lagt opp rør til 2. etg, sånn i tilfelle vi skulle få lyst til å bygge eit lite toalett der oppe ein gong i framtida. Reknar med at vi kjem til å gjere det, greit å kunne berre rusle rett frå tannpuss og inn i senga!

Håper du har hatt ei fin helg! I dag er det siste fridagen min, i morgon byrjer eg i ny jobb og eg gler meg masse! 


2 kommentarer:

  1. Viss du ikkje har handla på iherb.com før får du $5 i rabatt med denne koden: ZAL941

    Eg shoppar der ganske ofte, mykje mat og vitaminer, men også snop til kidsa (og meg sjølv *hehe*), te, hudpleieprodukt og matbokser.

    SvarSlett
  2. Badet deres er bare lekker! Tenk hva dere har fått til! Det er så stilrent og deilig. Flinke har dere vært!

    SvarSlett