onsdag 24. august 2011

Ein smak av Mexico

Det er fantastisk å ha ein mann i hus som trivast med å lage mat (og som tek oppvasken etterpå!), og det er enno betre når han lagar meksikansk mat! I dag har det vore bønnekoking og salsamiksing på tapetet, i fin harmoni med abuela si oppskrift på krispi kylling. Litt kvardagslukke!

Salsaen er frå Thomasina Miers si bok "Mexican Food" er eit fyrverkeri av ei kokebok, med ordentleg meksikansk mat. Det er nok ei av dei mest brukte kokebøkene i hylla nett no (eg er ein notorisk kokebok-kjøpar, eg les kokebøker på sengekanten!). Og er du tilfeldigvis i London så bør du verkeleg stikke innom ein av filialane til Wahaca. Nydeleg mat, økologisk tequila og søte, søte churros.

Og meksikansk salsa og bønner gjer seg særs godt på gamle noregsglas! Ikkje sant?!


Skulle gjerne kunne sendt dykk lukta gjennom dataskjermen. Koriander, syrleg lime og chili som riv litt i nasen. Elsk!

7 kommentarer:

  1. Det så utrolig godt ut :) Kjenner svetteperlene i panna og halsbrann som sniker seg på ;) Elsker mat med futt i,men tåler det ikke.
    Kos dere med deilig hjemmelaget :)

    SvarSlett
  2. Høres ut som nydelige smakskombinasjoner!! Og det var lekre bilder også.

    SvarSlett
  3. en am nsom OGSÅ tar oppvasken? da er du virkelig heldig du ; )

    SvarSlett
  4. Ser veldig godt ut;) Flink mann du har;)

    SvarSlett
  5. Så heldig du er som har ein mexicansk kokk tilgjengelig! Såg nydeleg ut, skulle ønske eg kunne både lukte og smake! :)

    SvarSlett
  6. Aaaahh! Jeg kjenner lukten helt over fjorden og til meg!

    SvarSlett
  7. Jepp, eg er veldig heldig som har meksikansk kokk tilgjengeleg for middagslaging. Det blir nesten litt småkrangling her om kven som skal få stå ved grytene ;)

    SvarSlett