fredag 12. august 2011

Fotodag

I dag har eg endeleg brukt kameraet litt igjen, det går alt for lenge mellom kvar gong! I haust meldte eg meg på fotokurs saman med Majala, og i dag var vi på det fantastiske biblioteket som tilhøyrer Preus Fotomuseum (trur det må vere kanskje det flottaste museet eg veit om, Sverre Fehn har gjort ein kremjobb interiørmessig!). Etter å ha funne inspirasjon og nokre latterkuler over tidleg erotisk fotokunst og ei artig bok om Mexico gjekk vi ein tur rundt på idylliske Karljohansvern og tok bilete.

Her er noko av resultatet, du kan også sjå bilete hos Havnegata når Majala bloggar om dagen i dag ;) Det var spanande å rusle rundt og finne motiv, og sola skein frå skyfri himmel - så litt triksing måtte til. Ei mose-bomba dør som såg ut som den var skutt i filler, vakre blomar, gamle anker som var heilt nedrusta og eit gamalt ektepar med dagens aviser...












I ettermiddag har eg måla siste strøket på dørkarmane i vindfanget, så snart blir det litt interiørbilete her også!

Håper du har hatt ein fin fredag, no er det helgeinnleiing med strikketøy og noko godt i glaset. 


6 kommentarer:

  1. Nydelige bilder og veldig koselig å se deg i bloggverdnen igjen kjære venn ;)

    Klemmer fra Silje

    SvarSlett
  2. Er sååå glad for at du har startet å blogge! De er så utrolig dyktig med kameraet og du skriver så godt! Og i tillegg på nynorsk. Herleg! Gleder meg til å følge deg her inne. Loveju!!

    SvarSlett
  3. Så fine bilder, Tonje! Blir spennende å følge med i bloggen din videre! =)

    SvarSlett
  4. Tusen takk søte jenter! Har hatt ein super dag bak kameraet, og då er det kjekt å kunne vise fram litt resultat!

    Smask

    SvarSlett
  5. Hei hei!
    så fint du fant veien til meg!
    jeg likte headeren din kjempegodt!!
    klem Tone

    SvarSlett
  6. Takk Designhund, eg hadde fleire utkast før eg endeleg landa på denne. Enkel og litt quirky!

    SvarSlett