Kanskje det er greitt med ein liten introduksjon?
Eg er altså Tonje, mamma til to og gift med El Mexicano. Vi bur i ein halv tomannsbolig frå 1918, med skeive veggar og tak, knøttlita stove (seriøst! Den er 9kvm!) og sjarmerande krokar og krikar. Her har vi budd i snart eitt år og oppussingsprosjekta går litt i rykk og napp, mange planer og litt for lite tid. Det høyres kanskje kjent ut for fleire?
Bloggen kjem til å handle om livet her i Casa Blanca og mine interesser. Vi er glade i mat og søtsaker, eg trivast godt med strikketøy og tekopp i handa og det går til tider hardt føre seg med to små kranglefantar i hus. Men vi trivast godt her, det er deilig å endeleg ha sitt eige!
Velkomen hit til chili og kjærleik, eg håper du vil trivast her inne og at du kjem innom igjen!
Hei og hopp!
SvarSlettNy blogg jo! Alltid moro med nye fjes her i bloggland!
Velkommen skal du være :)
Spennende med så gammel 2 mannsbolig da! Gleder meg til å se bilder fra både stue og arbeidsrom ;)
FIN kveld til deg!
-Ida Susanne
Tusen takk for velkomsten! Spanande å ta steget ut i blogglandia "på ordentleg"!
SvarSlettDet kjem bilete av stove (neste prosjekt på oppussingslista) etterkvart. Det er trangt men godt her, du veit vel litt om å ha det slik ;)
God kveld!
Tonje
Hurra!!! Såå herlig å se deg her!! Yey, herlig navn på bloggen din. Er så inderliiig glad i deg og dine!!!
SvarSlett