lørdag 3. september 2011

Loppelukke og kreafeber

I dag må vel vere den store loppemarknaddagen her i fylket, trur eg talte sju eller åtte loppemarknader via fjesboka i går kveld. Eg har for første gong i mitt loppis-liv stått i kø for å sleppe inn. To gongar på same dag faktisk!

Men det gav jo resultat då. Ikkje noko sånn heilt Fantastisk med stor F, men eindel fint smått! Og eitt bomkjøp, men det orkar eg ikkje snakke om nett no ;) Kjem tilbake med rapport seinare, når vi, ehem, har gått over skuffene med slipemaskin for å få dei til å opne/lukke seg...

Fekk til og med gå og kike heilt åleine i dag. Mannen var heime med kidsa og eg tusla rundt og leita. Kom heim til eit salig kaos på kjøkkenbordet, herlige mannen hadde sett ungane i gang med kreativt arbeid (sånt må jo til på ein regnfull laurdag). Potet-trykk, maling og fargelegging på høgt plan. Og mamma kom innom med sitt loppefunn: eitt sett med tusjar/malebok x2/teikneblokk (har fått snike seg med nederst til venstre på bordet)

De legg vel ikkje merke til jakker som heng på dørklinker, tutu-skjørt på stovegolvet og frukostskåler slengande rundt, sant?





Også må eg jo vise fram litt av det som blei med heim i dag! Ei blå bestemorsveske og ein beige koffert (inspirert av Sukkertøy for øyet sin hundekoffert) måtte eg berre ha. Den skal ikkje bli hundeseng då, for vi har ikkje hund. Men finn nok ein lur plan. Min har tilhøyrt Borgny (framleis bagasjelapp på handtaket) og har knallraudt interiør (det tok eg sjølvsagt ikkje bilete av, men lovar å gjere det, den er kulare inni enn utanpå - utruleg nok!)




Aviskorga fann eg rett før eg skulle dra heim, og eg har leita litt etter ei sånn aviskorg. Lukka var stor då den næraste loppevakta var ei fjorten år gamal jente som sikkert syntes denne var schtøgg, så den vart med heim nesten gratis! Bøkene er også frå dagens jakt. "Hjemme hos oss hender det alltid noe" er ei ungarsk bok med fantastiske teikningar. Historia er heilt ute på viddene, men illustrasjonane var så flotte at eg måtte ha den! Teikningane er av Laszlo Réber.

Håper du har ei fin helg, loppemarknad eller ei! 

***

This weekend is the main weekend for flea markets in our county, I counted seven or eight last night on Facebook. So off I went this morning (without kids, bliss!), and I dropped by two. Nothing amazing, but I found some nice stuff, like this beige suitcase and dark blue "granny´s bag", a basked for newspapers and some lovely children´s books, one with some amazing illustrations by Laszlo Réber (I don´t know if he was famous, but I absolutely adore his drawings!)

Hubby kept the kids busy while I was out. Potato stamping, colouring and painting. A real mess, but happy kids! Lazy Saturday, just the way it´s supposed to be!

Hope you´re having a lovely weekend!

7 kommentarer:

  1. Oooo, kjekke funn! Likte særleg aviskorga! :D Det er kjekt når ein får ting nesten kasta etter seg... :D

    SvarSlett
  2. Flotte funn! Jeg likte også aviskurven veldig godt:) Jeg skal prøve lykken på loppis i morgen, og krysser fingrene for jeg også kommer hjem med noen godbiter. :)

    SvarSlett
  3. Ble jo noen bra funn der også? : ) ta turen inn til tønsberg, så ut som om mange godsaker var gjemt unna til dag nummer to - uansett bare kos å dra rundt å kikke litt! God loppelykke til deg!

    SvarSlett
  4. ÅÅåå potettrykk! Har ikke gjort det siden jeg var barn. Må nok prøves ut en ag med mine unger.
    Fine loppefunn har du å funnet deg :)

    SvarSlett
  5. Så fine funn! Og såg ut som barna hadde en fin dag og :) Gøy meg litt kreativt kaos.
    Kjekt du stakk innom hos meg :)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for koselig kommentar hos meg :o)
    For noen fine funn!
    Herlig koffert.
    Jeg drømmer om en høy stabel med gammle kofferter,
    som jeg kan bruke som komode.

    Håper dere har en fin Søndag :o)

    SvarSlett
  7. Fine ting, og herlig med mann med kreativ barnepasserside! :)

    SvarSlett