torsdag 1. september 2011

Treng ikkje loppis...

...når ein kan snuse rundt i foreldra sin kjellar!

Mamma var formingslærar (blant anna) og då ho studerte laga ho denne tallerkenhylla, som eg no har gjenoppdaga. Den skal få seg eit par strøk maling, og nokre krokar under til koppe-oppheng, også skal den få seg ein plass på veggen. Eg må berre tenkje litt på kor, for det gjer litt vondt å lage hol i det fine gamle panelet på kjøkkenet...


Tallerkenhylle blir kanskje snart ut i bloggverda, eg ligg sikkert laangt etter. Men det er så kjekt å bruke ting som er heimelaga. Og denne er laga ein gong i skuleåret 79/80, så den er i alle fall retro! 

Også kom mamma med denne fantastiske boksen som ho lurte på om kanskje eg ville ha. Elsk! Den er berre så utrulig kul! Lokket går ikkje heilt på, og eg veit ikkje kva eg skal ha oppi der, men boksen i seg sjølv er jo nesten eit lite "utstillingsobjekt". Lurer på om det kanskje har vore malt i den då den vart kjøpt for mange herrens år sidan. Men vi brygger jo lite øl sjølve, så den kjem nok ikkje til å bli brukt til malt meir.


Er ikkje så veldig lei meg for at eg gjekk glipp av både loppis forrige helg og marknadsdagen i Kirkegaten når eg har lokal loppis (med gratis lopper!) heime hos mamma og pappa. Eller, eg er litt lei meg for at eg gjekk glipp av marknadsdagen i Holmestrand, men får ta det att neste år!

God torsdagskveld til fine folk der ute! 

***

Who needs flea markets, car boot sales or thrift stores when they have a mum and dad with (almost) unlimited storage? I found this shelf that my mum made when she studied arts and crafts in 1979-1980, I´ll give it a few coats of paint and add some hooks for cups - it will look smashing!

And my mum asked me if I wanted an old tin box, which of course I said yes to! I love it, the lid doesn´t really fit anymore, and I have no idea what I´ll put in it. But it just looks great as it is.

Hope you have a lovely Thursday evening!


5 kommentarer:

  1. Gratulerer! Du vant tre meter retrotapet i blogglotteriet mitt. Send meg adressen din på en e-post så skal jeg sende deg premien:-) Ha en fin kveld:-) Hilsen Anne Lise

    SvarSlett
  2. Kjekk blogg, eg kjem tilbake og les meir når eg er litt meir opplagt;) Det at du skriv på nynorsk er ein ekstra pluss!

    SvarSlett
  3. Det er så gøy å finne små skatter gjemt i kjeller og på loft! Ekstra fint å tenke på at mamman har laget den også da:)

    Tusen takk for fine ord<3
    Klem

    SvarSlett
  4. Så festlig blogg. Huset med det rare i. Skjønne innlegg. Ikke minst den maed barna i for store sko. Helgeklemmer fra Bjølsen der jeg bor i leilighet ;-) Signe Schineller

    SvarSlett
  5. For en flott tallerkenhylla, det har jeg også så lyst på men jeg får nok fortsette å lete på loppis. Men det er jo EKSTRA stas med noe som mamman din har laget selv da :)

    Ha en finfin lørdag
    Signe

    SvarSlett